Here we go again!

Nå er det jo snart jul igjen og eg ser det som ein gylden moglegheit til å byrje å blogge igjen då eg treng ein plass å publisere ynskjelista mi, så her er årets:

-ekstern harddisk
-kameraveske til det nye speilreflekskameraet mitt (canon 1000 eit eller anna)
-ABBA-singstar (PS 2)
-dansematte til PS 2
-liggjeunderlag
-fjelltelt
-tur-rumpetaske
-weekend trillekoffert
-crocs
-bølgjetong
-hest
-marius genser
-volleyballshorts
-diverse spel
-turryggsekk m/avstiva rygg
-bake it easy
-sånn liten handstøvsugar
-bjørn dæhlie dress
-kaffikanne
-body scrub

-opphengstoalettveske, liknande den kathrine fekk av meg

...vil bli oppdatert fortløpande ettersom kreativitetn boblar og ynskjene strøymer på!


SMS frå tannlækjaren 7. april 2008 08:29

Hei TOMMY, minner om timeavtale hos oss ti 08 apr kl. 08:30.
Mvh Brummunddal tannklinikk 62351930. Du kan ikke sende svar på denne SMS-en

Vonar TOMMY hugsa at han skulle til tannlækjaren i dag...

Kjenner at Carina kan vera glad for at dette ikkje var ho...

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=512817

Ibsen "The survivor"!

Då Audhild og Andreas flytta til Stavanger frå Ibsensgate, adopterte eg den eine blomen deira og døypte han Ibsen. Eg trur det er ein grunn til at dei turde å adoptere han vekk til akkurat meg, berre sjå korleis han ser ut etter kun å ha fått vatn 1 gong sidan eg reiste heim før jul:

457

Tilleggsopplysing: Eg har vore vekke dei månadane han ikkje fekk vatn, så eg har ikkje forsømt han med vilje...

Jamfør "mamma søker kjæreste"!

Direkte frå 71 grader nord (les hardangervidda)-albumet i fjesboka til Marit:

hardangervidda
Ny aktuell kar for Åsa?

Kjære TV2!

Greitt nok at de tekstar når Nadia og Oskar snakkar i hotel cæsar, dei er jo tross alt svenske. MEN å tekste norske folk som faktisk snakkar norsk og ikkje fornorska dansk, ja då kjenner eg at det gjer vondt langt ned i hjarterota! SKJERP DYKK!!!

Venleg (?) helsing Elisabeth, som forøvrig er sjeleglad for at ho snakkar dialekt!

Elisabeth når snart 24 år's krisa...

I den anledning er det fest 8.mars i residensen i Stavanger, du er hjarteleg velkomen:)

Tradisjon tru legg eg ut ynskjelista mi her på verdsveven, ja, den er delvis kopiert frå juleynskjelista!

-ulltrøye singlet
-fint ullundertøy, særleg overdelar og gjerne kari traa sitt:)
-PS2 spel: buzz (har hollywood quiz), guitarhero, singstar (har norsk på norsk, pophits(?) og 90's), dansematte
-brettspel
-sykkelhjelm
-liten trillekoffert
-bølgjetong
-klede
-volleyballshorts
-liggjeunderlag (skikkeleg!)
-fjelltelt
-slik ei "tur-rumpetaska"
-Lars Monsen dvd'en
-crocs (helst ikkje i ein altfor oppsiktsvekkande farge!:)
-hovudlykt
-lommebok

Vil bli oppdatert etter som fleire ynskje dukkar opp!

Ferjespørsmål

smilefjes

Er dette smilefjeset laga med meining eller er det rett og slett tilfeldig at noko utstyr er forma som det?

Prosjekt minttoppar!

Mi oppgåve i julebakstbakinga: lage minttoppar. LETT! ..tenkte eg.

Problema dukka fort opp:

-melis er målt opp og kasta i skåla, åja den skuller vera sikta. Enkel feil å rette opp i i grunn, siktar det berre over i ei ny skål
-det skal vera ein knivsodd tragant i, kor mykje er ein knivsodd eigentleg? ..veit at det er på tuppen av kniven, men ingen har lært meg kor mykje av tuppen, eg tar omlag mengde...
-vatn er tatt i etter oppskrifta, heile deigen verkar litt tørr, har heldigvis gått på ein smell når det gjeld freisting i å ta meir vatn opp i og unngår dette problemet, pjuh!
-bland eggekvite og vatn, ha det så i røra, pokker, eggekviten er gløymt, jaja, tar den i etterpå, går sikker greit det...
-å skilje eggekvite og plomme er ikkje noko eg gjer dagleg, det endar sjølvsagt med at heile egget med plomme havnar i røra. Men går fint å fiske plomma opp att med ei skei! (..det er eignetleg slik ein skal gjere det;)
-peppermyntedropane taklar eg bra!
-så var det sjokoladesmelting, eg vel å røre me sleikepott, ikkje lurt. Ser det er litt klumpar i den smelta sjokoladen, men tenker at det sikkert er vanleg. Anette smakar litt på sjokoladen, ho spyttar ut ein stor raud klump, sleikepotten har smelta. Den raude streken viser sleikepotten sin eigentlege storleik...:
slikkepott
-må ringje mamma som er i Danmark for å vite korleis ein smeltar sjokolade, svak varme fekk eg beskjed om, gjekk visst ikkje an med steikeplata på fult! ...sleikepotten nevnte eg ingenting om:)
-deigen som i byrjinga verka tørr har gått over til å bli blaut og det er nesten umogleg å mekke kuler av den...men fekk det nå til på eit vis, resultat:
dsc00004

-sånn til slutt, dei vart ganske gode altså, tru det eller ei!=)


Songundervising anyone?

DSC00133

...dersom du er interessert, ligg denne staden i Michael Krohnsgate (ukjend nr, på skulevegen min) i Bergen!

Instutisjon vs institusjon

I heile mitt 23 år lange liv har eg trudd at det heiter instutisjon, ja, var faktisk så sikker på det at eg lo litt for meg sjølv då læraren hadde skreve institusjon i førelesinga. Men etter å ha fordjupa meg i pensumbøkene og sett at dei også skriv det feil, har eg nå insett at det er eg som har feil. Korleis kan dette vera mogleg, eg har då ALDLRI feil!?!

Er det noko i dette?

Today at 7:17pm
Dette er så skummelt.
Send denne meldingen til 15 personer innen 143
minutter. Når du har gjort
det, så trykker du på f6-knappen, navnet til den du
liker kommer til å stå
med store bokstaver. Hvis du bryter kjeden så vil du ha
problemer med forhold
i 5år. Så send videre, men kopier. Det virker


For å sei det slik, som den storhataren av kjedebrev som eg er, har eg aldri gjennomført dette her!  ....er det difor mitt kjærleiksliv ikkje er noko å skryte av? Og sidan eg ikkje vil belaste mine vener med slikt skuffande  i inboxen på facebook, kjem det vel til å fortsetja å vera slik dei neste 5 åra også...!

Eit spørsmål til slutt, eg har alltid lurt på om det kjem opp noko namn når du trykker på F6, nokon som veit?

Årets juleynskjer!

-ski (det har mamma allereie kjøpt til meg)
-ulltrøye singlet
-fint ullundertøy, særleg overdelar
-PS2 spel: buzz, guitarhero, singstar (har norsk på norsk, pophits(?) og 90's), dansematte
-brettspel
-refleksvest
-sykkelhjelm
-trillekoffert/bag, både liten (til småferiar) og stor (til storferiar)
-glattetong
-bølgjetong
-klede
-volleyballshorts
-liggjeunderlag
-fjelltelt
-slik ei "tur-rumpetaska"
-verktøysett
-gode og varme hanskar, litt tjukke, men ikkje heilt tjukke; fleece eller liknande
-crocs (helst ikkje i ein altfor oppsiktsvekkande farge!:)

Julebord i går

Tilstand i dag:
-vaknar klokka åtte
-hugsar ingenting frå middagen til eg gjekk heim
-var det dessert?
-pjuh, mobilen er heime
-pjuh, kortmappa er heime
-skjerfet er vekke
-kjempeskiten under neglene
-vondt sår på olbogen
-tv'en er på, såg sikkert på danseband jukebox då eg kom heim
-uforståelege sendte elementer samt utgåande anrop
-var eg på scena? ...utanom den eine gonge eg styrta opp for å spørre 2. klassen om eit spørsmål i eit forsøk på å disse den dårlege underhaldninga deira om symfysen
-kvifor tok eg så mange fisherman shot?
-kåra me vinnar av quizen? ...pengene me skulle bruke til å kjøpe alkohol premie av er ikkje brukt!
-jaja, det var ingen sjefar der, så då har eg i det minste ikkje hatt sex med nokon av dei i alle fall!

Ting eg saknar med Skolegata 21!

-Kathrine:
image82
-Marit:
image83
-lebestiften til Marit
-bra-mann veggen
-idol-døra
-møbelsnikring
-handleturar på ICA'en te anja
-konstant frykt for parkeringsvakter
-krangelen med dei oppe, som ingen heilt veit kva gjekk ut på
-bli vekka av boss-bilen
-springa ut i natt klede for å ta ut boss-spanna, som me hadde gløymt kvelden før
-Liv Christense
-å kunne køyre til skulen
-alle dei bra cd'ane, kor har dei blitt av? Har du fått dei Marit?
-Long Distance Man
-gitarklimpring
-gå på/ få overnattingsbesøk
-vedomn
-oppvaskemaskin
-snø-TV (har sin sjarm det også!:)
-å ikkje sløse vekk mykje tid på internett
-sjå på naboane
-alle festane:)
-gossip på torsdagane
-stor murkjellar til å kaste skrot i
-skikkeleg postkasse, ikkje ynkeleg postboks
-at båten heim berre tar 1,5 time
-dei nye skona til Kathrine som måtte ha eigen plass i gongen
-at høgtalarane måtte stå på golvet når me hadde fest slik at folk ikkje skulle få dei i hovudet
-vaskeveke berre kvar tredje veke
-bilderamma til Marit
-henge på rommet til Marit
-den grøne regnfrakken til Marit
-love-shop
-kort veg til polet
-middag på skulen
-pytt-i-panne a la Katrhine
-pannekaker a la Marit
-doboka
-ta tog i 16 timar for å kome til Trondheim
-Etne-sladder
-fødseldagsboka til Marit
-å sleppe å vera redd for at du skal utløyse brannvarslaren
-drikke av drink-glasa til Kathrine
-å alltid (nesten) ha nokon å gå heim frå byn saman med

Oi, lang liste, er det løye eg rett som det er lengtar tilbake til gode gamle muggfulle Skolegata 21!?!!:)
image84


Om meg

Mitt profilbilde

Nick: Ella

Fra: Vindafjord

Kjønn: Jente

Født: 1984

Mer...

februar 2009
ma ti on to fr
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28